MJØLK – RESSURS PÅ GARDEN

Velkommen til deg som lurer på å foredle mjølka di sjølv eller samarbeide med nokon som vil starte ysteri. Er du kokk, formidlar, bloggar om ost eller på andre måtar interesserer deg for å foredle eller formidle norsk ost og råvarer frå norsk mjølk – velkommen!

Gjennom dagen ønskjer vi å inspirere og gi deg innblikk i kva arbeid som ligg bak ein ost. Råvara, marknaden, regelverk – kort sagt skaffe deg eit overblikk slik at du kan arbeide vidare med din ide eller kanskje komme i gang med ein ide.

Det er i dag underdekning i marknaden for handtverksost i Norge – det er plass til både fleire ystarar, fleire typar ost eller enkle foredlingar lokalt av syrna produkt som surmjølk og yoghurt. Mange kan oppleve å få overskot av mjølk framover og då kan det vere løysinga å legge opp til foredling av 10, 30 eller 50 000 liter mjølk, med relativt små og enkle investeringar på garden.

Velkommen til inspirasjonssamling og kurs!

FORMÅL

Kursa gir deg innsikt i det å foredle eiga mjølk, omfang og oversikt over kva kunnskap du bør ha for å starte. Med foredlingskvote kan du auke mjølkeproduksjonen eller samarbeide med eit handverksysteri – gir verdiskaping på garden, fleire arbeidsplassar og auka matproduksjon.

MÅLGRUPPE

Mjølkebønder med interesse for foredling eller for deg med interesse for ysting og kan tenkje deg å starte eit handverksysteri.

AKTIVITETAR

Inspirasjon- og fagdag i oktober gir ei innføring i kva mogelegheiter som ligg i ysting av eiga mjølk, marknad og regelverk.

Praktisk informasjon

Kurstidspunkt

2. oktober Store Ringheim, Voss
Kl. 10:30 – 15:30

3. oktober – Rosendal Fjord Hotel
Kl. 10:30 – 15:30

Deltakaravgift kr 495,-

Påmeldingsfrist søndag 29. september

For spørsmål, kontakt:

Fylkesmannen i Vestland

Marit Hjortung
marit.hjortung@fylkesmannen.no
57643089

Kurshaldarar

Jan Peter Aursnes

Aud Slettehaug

Jørn Hafslund

Pascale Baudonell

YSTEKURS – inspirasjon til lokal foredling av mjølk

VOSS Store Ringheim, onsdag 2.oktober
ROSENDAL Rosendal Fjordhotel, torsdag 3.oktober

PROGRAM – same program begge stadar

10:30 Registrering
            kaffi/te og enkel frukost 

11:00 Velkomen og innleiing – Kvifor mobilisering på ysting?
            Marit Hjortung ved Fylkesmannen i Vestland 

11.15 Frå idè til første marknad og smaking av ostar
            Jørn Hafslund ved Ostegården 

12:15 Tradisjonsostar inn i framtida
            Pascale Baudonnel, Ystebui og Ysteteknolog/kursleiar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule 

13:00 Spørsmål til Jørn og Pascale 

13:15 LUNSJ 

14:00 Regelverk, marknad og drift
            Aud Slettehaug ved Kompetansenavet Lokalmat Vest 

14:30 Smaking av ostar «Norske ostar i eit internasjonalt perspektiv»
            Jan Peter Aursnes, Osteperler 

15:15 Spørsmål og oppsummering
            Aud, Jan Peter, Jørn, Pascale og Marit 

15:30 Avslutting og vel heim  

Med atterhald om evt endringar i programmet. 

Om Pascale Baudonnel

Pascale Baudonnel (fødd 1960) er ein fransk-norsk yster og bonde, prislønna for sine produkt og for sitt arbeide med tradisjonar.

Ho gjekk på Fosen folkehøgskole. Sidan ho flytta til bygda Undredal i Aurland (1983) har ho virket ved Ivar-Bjarne Undredals familiebedrift og seinare bygdesameiet Undredal Støylsysteri som med den ibuande bakteriekultur tilvirker brimost og kvitost av geit. Dette produktet vart fyrste norske som av den internasjonale rørsla Slow Food vart erklært utrydningstrua (Presidium).

Baudonnel er utdanna ysteteknolog frå Surgères i Frankrike, og ble i 1988 viden kjent i arbeidet for å påvise de kvalitetsforringende sider ved pasteurisering. Hun etablerte den landsomfattende Norsk Gardsost (1997) som i dag er landets ledende.

På andre fronter har hun blant annet bidratt til fornying av Sognebunaden, dog i tråd med Bunad- og folkedraktrådets retningslinjer

Utmerkingar

  • Seterprisen 2005
  • Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris 2006
  • Bygdeutviklingsprisen 2007 for Sogn og Fjordane, fra Innovasjon Norge
  • Økopris Vestlandet 2010

Om Jan Peter Aursnes

Jan Peter Aursnes er siviløkonom og OsteEvangelist. Han er på evig jakt etter gode ostar av rå mjølk som du kan lese om på osteperler.no. Han er involvert i ostemeistarskap, han held kurs og smakingar, og er i ferd med å utdanne seg til å kunne sertifisere ostar hjå Academy of Cheese Associate. Han legg ikkje skjul på at tittelen Master of Cheese kanskje ein dag vert tilskriven han.

Jan Peter er medlem av britiske The Guild of Cheese Graders. Han har og gjennomført kurs i Norsk tradisjonsysting (ystekurs) ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland, og nyttar den kunnskapen til å vere med og yste på forespurnad. Vidare har han dømd under dei siste NM for gardsost, World Cheese Awards i Bergen, og eg er fagansvarleg for ostar i Store Norske Leksikon

Eg er hekta på ost ysta av rå mjølk. Synas den måten tek best vare på det naturlege, slik vi har gjort det sidan lenge før Louis. Mi rolle er som formidlar, hjelper, sparringpartnar og dommar. Det er so mykje god ost der ute som fleire bør få kjenne til, og det prøver eg å bidra til, so godt eg berre kan.

Jan Peter Aursnes

EventFjordane.no – En tjeneste fra Avent Digital AS